Foto: Sigbjørn Linga

Liv og lyst i Øystese: For alle – med alle. Bli med å lag liv i bygda di!

Er det noko du saknar? Kva treng me? Bør me utvikla noko nytt? Har du ein ide? Er du engasjert og har du lyst å vera med på laget? Delta!

Aktuelt

Liv og lyst jobba i 2019 med å samla inn idéar og innspel til kva Øystese treng og kva som kan gjerast i bygda. Arbeidet har foreløpig materalisert seg i tre grupper.

Turgruppa
Gruppa skal jobba med å merka og laga kart over lågterskel turløyper med utgangspunkt i Øystese sentrum. Turane kan vera frå 15-20 minutt roleg gange til over ein time. Planen er eit oversiktskart lett synleg i sentrum der turane er merka inn. 

Parkgruppa
Gruppa skal planlegga korleis parken ved Hardangerbadet/hotellet skal sjå ut og kva den skal innehalda. Når ein overordna plan er på plass startar prosessen med å søka om midlar og organisera dugnader for å få alt parken skal innehalda på plass. Gruppa jobbar våren 2020 saman med ein landskapsarkitekt som skal teikna planen for parken. 

Miljøgruppa
Denne gruppa skal jobba etteer visjonen om at «Øystese skal skina». Målet er et velstelt sentrum. 

Gruppene som no er oppretta er kun eit utgangspunkt og ei byrjing. Fleire grupper kan koma til og gruppene kan endrast. I Liv og lyst vert vegen til medan me går.

Det er framleis ikkje for seint å påverka. Ta kontakt eller send inn innspel. Me er òg heile tida på utkikk etter folk som vil bidra på eit eller anna nivå. Ta kontakt om du vil vera med. Fortel kva du brenn for, så finn me saman ein måte du kan bidra på.

Om prosjektet

Øystese Grendautval og Øystese næringslag har gått saman om å starte «Liv og Lyst» prosjekt i Øystese. Prosjektet, som er støttta av fylkeskommunen og heradet, vart i 2020 utvida med tre år etter eit prøveår i 2019.

Initiativtakarane vil legge til rette for at innbyggarar, organisasjonar, næringsliv og kommunen jobbar saman for å vidareutvikle Øystese til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Både dei som bur her og dei som likar å vera i Øystese er velkomne til å kome med innspel og delta. Dei frivillige laga er i seg sjølv ei berebjelke for aktivitet i Øystese og er særskilt invitert! 

Er det noko du saknar? Kva treng me? Bør vi utvikle noko nytt? Har du ein ide? Er du engasjert og har du lyst å vera med på laget? Delta!

Klikk her for å lasta ned prosjektsøknad for 3-årig Liv og lyst-prosjekt.

Kontakt

livoglyst@oystese.no

Øystese næringslag: Marit Buttingsrud
Øystese grendautval: Kirstin Lunestad Vik
Kvam herad: Reidun Braut Kjosås,
 
Følg oss på Facebook

Invitasjon til å delta med innspel